torsdag 2. mai 2013

Fattig og rik, rett og slett.

Eg reiste til Nicaragua for å lære spansk, og endte opp som mange andre med å lære både norske dialektord, svensk, dansk, engelsk (avanserte ord i pensumartiklar) og spansk.
I tillegg har eg lært mykje om kulturen, både i Nicaragua og Latin-Amerika generelt. Dette er ein del av studiet og det er noko vi lever, observerar og opplever i kvardagen.

Det er mykje man plutselig tenker over når ein reiser frå verdas tredje rikaste land til det fattigaste landet i den vestlige sfæra av verda, altså ikkje inkludert Afrika og enkelte land i Asia.
I lista av land etter HDI ligg Noreg på 1.plass og Nicaragua på 129.plass. Av i alt 187 land.

Mest av alt har eg kanskje lært å sette pris på mykje vi har i Noreg, som vi alle tek for gitt. Og eg har lært at enkelt ting faktisk kan vere betre i eit av verdas fattigste land enn i eit av dei rikaste.

Først i ein alder av 23 år har eg tatt meg sjølv i å juble fordi det kjem vatn ut av krana når eg skrur på den. Og først i ein alder av 23 år har eg klappa i hendene ein mørk kveld etter solnedgangen fordi straumen kom tilbake, så eg fekk lys i den eine lyspæra på rommet.
Vatn og straum er noko eg har tatt for gitt meir eller mindre heile livet.
Sjølvsagt har eg opplevd straumbrot og vassløyse i Noreg også, men vi har så mykje anna å hjelpe oss med i dei få timane det er snakk om at vi lid inga naud. Dessutan veit vi at det mest sannsynlig kjem att om nokre timar.

Ein ting eg virkelig satt pris på i Nicaragua var innstillinga hos folket. I alle fall på nokre områder.
I Nicaragua er det viktigaste i livet familie og vennar. Og ein har alltid tid til kva einn det skulle vere.
I Noreg er det viktigaste pengar og velstand. Og tid er pengar. Ergo har ein alltid dårleg tid.
No malar eg sjølvsagt biletet veldig svart-kvitt, medan virkeligheita inneheld mange grånyansar, men du skjønnar poenget.
I enkelte tilfeller kan det vere frustrerande at ting tek uhorvelig med tid. Men eg likar at folka i Nicaragua har tid til deg og ser deg.
I Noreg går folk i gatene og ser ned i asfalten foran seg medan gangen er rask. Ein går berre for å komme seg frå A til B. Og alle rundt deg er framande. Det er nesten slik at ein sjølv også kan bli litt framand.
Medan i Nicaragua smiler folk til deg på gata, og dei ser deg rett inn i augene. I løpet av månadane mine i León var eg fleire gongar i parkane og sette meg aleine på ein benk. Det tok ikkje mange minutta før eg satt og prata med smilande mennesker eg aldri har møtt hverken før eller sidan.

Er det ein ting eg har lært etter å ha reist i snart eit år, så er det å nyte dei små augeblikka. Eg prøvar å ikkje haste av garde frå stad til stad, og ser ikkje berre ned i bakken foran meg. Eg lyftar blikket opp. Eg ser på naturen rundt meg, på husa, på himmelen, på fuglane, på menneska. Eg prøvar å møte blikket til dei eg møter og gir ifrå meg eit smil. Prøv! Det er ikkje farleg, som regel får du smil tilbake også!
Faktisk så er det ikkje alltid eg treng å smile til dei eg møter heller, for når eg tenker over småting rundt meg tek eg meg i å smile for meg sjølv. Når eg då får smil frå framande og eg vil smile tilbake, merkar eg at eg faktisk var den som smilte i fyste omgang.

Her i Noreg er karriere viktig. Ein må ha høg utdanning, få ein god jobb og tjene godt. Så kan du kjøpe både hus og bil og mykje anna materiellt som eigentleg ikkje betyr noko. For det er det som gjer deg lykkelig, ikkje sant?
Eg har lenge sagt at eg egentlig ikkje bryr meg så mykje om kva yrke og lønn eg får, så lenge eg trivast i jobben og eg har tid til familien min. For mest av alt vil eg ha titlane "mamma", "tante", "søster", "venninne", "kjæreste" osv. Dei er mykje viktigare for meg enn titlar som "professor" og yrkestitlar som indikerar "sosial status" og inntekt.
Sjølvsagt vil eg ha ei ok inntekt så eg kan forsørge min framtidige familie og leve i tryggleik. Men vi bur trass alt i Noreg. Det er eigentleg ingen av oss som har det så fælt som vi skal ha det til innimellom. (Det finnast sjølvsagt tragiske skjebner innafor Noregs grenser også, men det er ein diskusjon for seg sjølv).

Eit middagselskap med gode vennar og familie er like koselig uansett om du serverar maten på dyrt servise til 700kr tallerken eller på kvardagsservise til 40kr tallerken. Maten smakar like godt også, vil eg våge å påstå.
Eg gjentek eit av mine favorittsitat: "It's the people around you that create your life".

Over 70% av folket i Nicaragua lever under fattigdomsgrensa. Men dei er likevel rikare i mine auger enn mange i den vestlege verda. Rikdom i menneska rundt seg er ein større rikdom enn pengar på kontoen. Og dette veit dei fleste i Nicaragua.
Har ein familie litt til overs, så gjev dei det vekk til naboen. Så kan naboen gjengje tenesta når han/ho har anledning. Det er ikkje noko poeng i å ha meir enn noko andre. (Då blir det uansett mest sannsynlig tatt frå deg). Og det er ikkje "mitt" og "ditt" på same måte som i Norden. Det er felleskap. Ein passar på kvarandre.

Her har vi Noreg noko å lære.
Kast vekk litt av materialismen og kapitalismen. Det er vanskeleg, eg veit. Eg påstår ikkje at eg får det til.
Uansett kva: Menneska rundt deg er viktigare enn pengar på konto.

lørdag 27. april 2013

Avslutning

Munnleg eksamen var over på mandag, tirsdag, onsdag eller torsdag - alt ettersom kva fag og gruppe du tilhøyrde.




Onsdag var det diplomutdeling for spanskstudentane.

Sidan nesten alle var ferdige på onsdag nytta vi denne dagen til avskjedsfest på Santiago. Full fest for alle som bur på "beste-hostellet". Alle bestille take away mat frå her og der, så samlast vi til langbord og fest. Stemninga steig utover kvelden, som vart minnesrik på fleire måtar.





Torsdag (og onsdag) slacka vi på San Cristobal, eit hotell med basseng. Måtte jobbe litt med solbrentheita! Veldig deilig å ligge i sola/skyggen og slappe av og lese ingenting anna enn skjønnlitteratur.



Torsdag kveld var det avslutningsfest for Kulturstudier. Vi fyllde opp to bussar og reiste ut på stranda. Der hadde dei pynta og laga til skikkelig fint så vi kunne nye kvelden med koldtbord, livemusikk, dj, dansegolv og bar. Innimellom var det talar og gåveutdeling, og avslutningsvis imponerte tre medstudentar stort med sine sang- og musikktalent.

Dansken, Nordmannen og Svensken.







Fredag valsa vi rundt i gatene vi no kjenner så godt, for siste gong. Og koffertane var ferdigpakka før ein stor gjeng samla seg og åt middag ilag ute.




Hanna tar hol nr.3 i øyret!


 

No er kl.01 på laurdag. Om 2 timar går bussen til Managua, der eg skal vere stuptrøtt i eit døgn. Søndags morgon sett eg meg på fyste av fire fly heim.

Hadet bra til alle fantastiske mennesker i Leon! Takk for tre flotte månader! Eg kjem til å sakne dykk..

Og du som sitt heime i Noreg og les: Vi sjåast snart! <3

søndag 21. april 2013

Mellom eksamenane.

Skriftleg eksamen er overstått, og mange av oss er fornøgde med eksamen medan andre kun er fornøgde med å vere ferdig.

Rett etter eksamen vart det kafébesøk og avslapping på eksamenslokalet, som er det dyraste hotellet i Leon i følge det eg veit. Dei neste timane etter skriftleg eksamen var det nemleg trekking av tema til munnleg eksamen, som skal føregå over helga. Vi nytta anledninga til cocktails.




Seinare på kvelden var majoriteten av Kulturstudiers studentar ute i Leons gater, på restaurantar, barar og ulike klubbar. Ferdig med eksamen og fredagskveld måtte feirast.

Laurdag var det derimot tid for realiteten. Eg trakk oppgåve om moderne historie og presidentane i Nicaragua. Midt i blinken for meg som unngår økonomi og politikk for alt det er verdt. Så no skal eg bli ein ræcer i vanskelige ord på spansk, som eg ikkje eingong kan på norsk. "Heldigvis" er politikken her nede litt  meir dramatisk og spanande enn politikkampane heime i Noreg. Det finnast ikkje skilnader innafor politikken i Noreg dersom ein samanliknar det med politikken her nede.

Så, for tre dagar i mitt liv skal eg studere politikk og moderne historie. Noko seier meg at det blir både første og siste gong.

Ja, også i går kveld, så øste det plutselig ned her i Leon. Skikkelig høljregn! Deilig. Det tok ca 3 minutt før gatene var oversvømde, ca 5 min før ein kjende at den intense varmen slapp litt tak, ca 20min før byga var over og 2t før alt var tørt att.

Rolig filmkveld

Full skulebuss ut til stranda og siste fellesmøte


Eksamensmat. Brain food.

torsdag 18. april 2013

Overload

Slik går dagane for seg, etter skuletid. (ja, vi har undervisning til og med dagen før eksamen).


Her øver vi på dei 10 ulike verbformane (som kvar igjen har 6 ulike bøyngar utifrå person og tal). Både regelrette og uregelrette.
Også øver vi oss på pronomen, determinativer, gerundium, adverb, preposisjonar og alt du kan tenkje deg innafor gramatikk. Og enda meir, sidan spansk er eit mykje meir komplekst og nyansert språk enn norsk.
I tillegg til gramatikken les vi og tileignar vi oss kunnskap om Latin-Amerika, slik at vi kan skrive ein tekst både med god gramatikk og god kunnskap på den skriftlege eksamenen.

Mykje å halde styr på, så hovuda våres kokar litt og vekslar mellom å ha fast og flytande form.

Det ser jo ganske fredelig ut, ikkje sant?

Du høyrer ikkje alle rakettane, kanonane og lydsirene som smell og hyler jamt og trutt heile dagen, kvar dag. Det er faktisk slik at ein av og til lurer på om det er krig.. I tillegg høyrer ein bilane som tutar, tiggarane som ropar og forbigåande som pratar/skrik.
Dette er ein levande by!

Også er det innmari varmt. 39*C i skuggen, men "kjennest ut som 45*C" i følge veirmeldinga. I skuggen. (Og veirmeldingar på 22*C brukar å resultere i 26*C på gradestokken!) Det er ikkje mange sekunda vi oppheld oss i sola om dagane, for å seie det slik!
Det er noko med det å sitte heilt i ro, i skyggen, med kvilepuls og ei kald flaske vatn i handa - og likvel kjenne at sveitten renn nedover ryggen og bringa. Ikkje kvardagskost for oss nordmenn!

Men. Vi har det veldig fint altså.
Personlig har eg ikkje mykje eksamensnervar. Eg fokuserar ikkje på dei småtinga eg ikkje kan (for det er nuk ein del dersom eg tenker meg om), men tenker heller over kor utruleg mykje vi/eg har lært her nede. Eg hadde ikkje trudd det før eg reiste ned hit, men eg trur faktisk eg kjenner meg trygg nok i faget til å kunne undervise i det på byrjarnivå i grunnskulen. Trikset er å halde det ved like når eg kjem heim.

I morgon (torsdag) er siste dagen med undervisning. Fredag er det skritfleg eksamen. Mandag/tirsdag er det munnleg eksamen. Og då gjenstår berre diplomutdeling, avskjedsfest og til slutt heimreisa følgande søndag. Hu hei!

fredag 12. april 2013

Du veit du er i Nicaragua når:

- punkta handlar mest om livet her i León, men dei fleste kan gjelde for resten av landet også.

* større lokaler som til dømes Kulturstudiers studiesenter har eit lite hus i bakhagen. Der bur ein lokal familie, som passar på og held ved like det store huset som er eigd og leigd ut av nokon andre.

* Det plutselig går høner og småkyllingar under bordet og rundt føta dine når du har undervisning.

* Kranene i dusjen og på vaskane kun er av/på. Det er ikkje mogeleg å stille inn noko temperatur på vatnet, som berre varierar utifrå lufttemperaturen.

* Gatene består av breie bilfelt med kjempesmale gangfelt. Og gangfelta er i tillegg fulle av søppelspann, stolpar, hol ++ så du må hyppig gå ut i bilvegen for å passere gjenstandar eller mennesker.

* Folka i gatene ropar "chele", "gringo" osv etter deg fordi du er bleik. Og dersom du er dame får du høyre "tstststs" eller "chch" ropt etter deg som om du er ein katt eller eit dyr.
Sitnevnte likar eg dårlig, men dei lokale brukar denne "tsstss" lyden for å rope på kvarandre også.

* Folk du møter i gata seier "adios" og ikkje "hola" eller "buenos días/tardes/noches".

* Det meste av den gode kaffien blir eksportert ut av landet.

* For dykk som kan litt spansk: Dei ikkje har vosotros-forma (dykk) i språket sitt, men brukar ellos/ustedes (dei) som både dykk og dei. Og dei har ei anna du-form; "vos" i staden for "tú".

* Spanske ord du har lært på skulen betyr plutselig noko anna. Dersom du seier "madre" er du frekk, og bør heller seie "mamá". Dersom du seier "coche" meinar du hestekjerre og ikkje bil. Det riktige ordet her er "carro". Dersom du på spania-spansk seier av du vaskar golvet seier du i Nicaragua at du mishandlar golvet.
Det er mange eksempel på ord som har litt ulik tyding.

* Alt inneheld sukker. Brødet, juicen, yoghurten, melka (!), ALT.
Her er veldig lite sjokolade og søtsaker i butikkane, men absolutt alle andre produkta er stappfulle av sukker, så.

* Du må gå ut på restaurant før du er skikkelig svolten, fordi du må vente på maten alt frå 20 min til 140 min.

* Når omlag alle måltida inneheld raude bønner. Og/eller ris. Evt begge deler blanda saman, då får du "gallo pinto" som mange her et til både frukost, lunsj, middag og kvelds.

* Du finn utallige matvarer laga av mais. Ulike typar tortillas og ulike drikker. Dei brukar mais til alt mulig.

* Bussar, bilar og enkelte bygningar er dekorerte med lovord om Jesus og Gud. Absolutt overalt møter du på frelserord eller utsagn som "Jesus er min frelser/min store kjærleik/mitt liv/etc".

* Busstopp, autovern, steinar, husveggar ++ er dekorerte med logoen til FSLN. Eller navnet til presidenten Daniel Ortega.

* Det er alltid, alltid, ALLTID plass til fleire på bussen....... Alltid!

* Ein kø på 7 personar tek ein time å ekspedere.

* Alle butikkar, restaurantar osv er overbemanna til tusen, men likevel går alt kjempetreigt. Det er som regel berre ein eller to av dei 10 på jobb som kan gjere noko.

* Skulebøkene dine snart går i stykker fordi dei er fulle av sand og solkrem.

* Du frys når gradestokken synk ned til 26*C. Eg gjekk med dongeribukse og genser og fraus når vi var i Estelí og det vart 26*C på kvelden.
Her i Leon er derimot den deiligaste tida på døgnet kl.04-05 på natta. Då våknar eg alltid og kjenner at eg ikkje er sveitt og klam, og eg kan faktisk legge lakenet som er dyne over meg. Temperaturen ligg kanskje på 24-28 *C. Deilig.

* Du kan på eit apotek og kjøpe antibiotika eller kva du enn vil utan hverken resept, identifikasjon eller noko. Du treng berre pengar. Og ordet for tablettane du ynskjer på spansk.

* Du kjøper enkelttablettar og ikkje pakkar på apoteket.

* Gatene er fargerike. Murhusa er malt i alle mogelege fargar og kanskje dekorerte med veggmaleri.

* Du høyrer "ATOOOOOOOL!" eller navnet på andre produkt når du går i gatene. Kvinner og menn går rundt og sel både frukt, tyggis, bakverk, is osv.

* Kokosnøtter er dødsårsak,

* Du plutselig høyrer eller ser hest og kjerre gjennom gatene. Nesten som å vere 150 år tilbake i tid. Hest og kjerre er nesten like vanleg som bilar, og fraktar både varer og mennesker.

* Av og til kjører også bilar med store høgtalar gjennom gatene. Dei spelar høg musikk og reklamerar for produkt og butikkar. Eller annonserar at ein person har døydd og inviterar til minnestund. Alt ettersom.

* Du ikkje får lov til å bade denne dagen fordi badevaktene har observert ei rokke eller krokodille i vatnet. Eller fordi straumane i havet er for sterke.

* Stranda består av svart sand som blir urealistisk varm i løpet av dagen.

* Hengekøyer og gyngestolar er overalt.

* Nesten alle hus har eit ope "plaza" i midten, som ein firkanta hageflekk. Naturleg aircondition.

* Ein må tørke støv og vaske golv 2-3 gongar for dag. Fordi husa er så opne, og det kjem så mykje støv og skit med lufta.

* Nesten uansett kvar du snur deg så ser du ei kyrkje.

* Det er vulkanar overalt.

* Funksjonshemma blir skjult i heimen, og den lysaste ungen i familien blir vist fram som trofé. Det er nemlig status å vere kvit.

* Folk kallar kvarandre kvit, brun, svart, tjukk, tynn, treig, gammal.. Alt mulig! Og det er ikkje meint frekt, slik er det berre.
"Chele" (kvit) er status og som oftast eit kompliment, medan "moreno" (brun) eller "negro" (svart) kan vere skjellsord.

* Selgerar på gata kan identifiserast ved at damene har på seg store blondeforklær, til å ha pengane i.

* Språket avgjer kvar i landet du kjem frå. På vestkysten snakkar alle spansk, medan austkysten er prega av engelsk eller blanding mellom engelsk, afrikansk og spansk.

* Nicatime. Alt går i sitt eige tempo, og det er ikkje noko du kan gjere med det.
Tid er ikkje pengar her nede.
Seier du til baristaen at du må ha kaffien litt kjapt fordi du har dårlig tid blir dei heilt satt og får ikkje gjort noko på minimum eit kvarter.
Skal du få levert noko på mandag kan det hende du får det i løpet av veka, eller månaden.

* Sola står opp ca 05:30 og går ned 18:00 heile året. Her er difor ikkje sommartid og vintertid.
Ein lokal sa også til meg at dei ikkje klarte skiftet til sommartid den gong dei hadde dette fenomenet. Alle kom for seint til jobb og landet som kan sjå ut til å mangle struktur til vanleg vartheilt skipla.

* På fleire hostel er det ikkje dør mellom soverommet og badet. Enten er det heilt ope, eller så heng det eit tøystykke som dør. Skulle du få dør kan du vere sikker på at veggen mellom romma ikkje når heilt opp til taket.

* Det går ei lydsirene over heile byen kvar dag kl 07:00 og 12:00.

* Dopapir skal kastast i søppelbøtta. Det er ikkje mange papirbitane som skal kastast i toalettet før det blir tett og oversvømmelse.

* Du høyrer jubel idet straumen kjem tilbake på kvelden eller når vatnet kjem tilbake og alle dei svette menneska får dusje seg.

* Du ikkje lenger tek for gitt at du har straum eller vatn midt på dagen.

* Til å byrja med går rundt og tenker "wow, det er billig". Men ein tilpassar seg skremmande fort prisnivået, og går snart rundt og tenker "oj, det var dyrt". Spesielt dersom ein reiser til Managua, Granada eller Ometepe.

* Du må oppbevare absolutt alt av mat i plastboksar for å ikkje få besøk av fleire hundre insekt.

* Du har tre alternativ dersom du vil kjøle deg ned. Du kan gå på supermakedet der det er levelig, du kan på på kino der det er kjølig, eller best av alt kan du gå i ein minibank - der er det ofte skikkelig kaldt. 
Du kan også bli innlagt på privat sjukehus, men veit ikkje heilt om det er å anbefale. Eller du kan booke ei natt på eit av dei dyrare hotella, dei har ofte aircondition.

onsdag 10. april 2013

Sensur

Dette innlegget her må dykk ikkje kopiere Kulturstudier og Framtida. Dette innlegget er kun eit kraftig utpust frå ei irritert menstruell kvinne. For å prøve å bevare møblane på hostellet.

Som eg skreiv i forrige innlegg er eg begynt å bli klar for heimreisa.
Noko eg ikkje skreiv var at eg er drittlei av å dele kjøleskap og kjøkken med mattyvar.
Eg har tidligare skrivet om den forsvunne gåve-sjokoladen. 6 av 9 sjokoladeplater var vekk. Men det stoppa ikkje der.
Eg fikk også to 6-pk Kvikk Lunsj av Tor. Og sjølv har eg ete heile 2 stk av 12. Fleire eksisterar ikkje. Riktignuk har eg delt ut nokre, men også desse har blitt fråstjelt. Så når eg såg at det kun var 2 stk igjen åt eg dei opp sporenstraks på trass. Eigentleg ville eg spare dei til eksamen var nærare, men eg er 100% sikker på at nokon andre hadde ete dei opp før den tid.
I tillegg har ein opna, men såvidt smakt på, pose av Hersheys sjokolade berre forsvunnet.
Og no såg eg plutselig at jammen er ikkje yoghurten min vekk også! Ikkje nok med at dei har tatt 6 plater Matagalpasjokolade, 10 kvikk lunsjar, melkesjokolade og ein pose hersheys (I løpet av 3 veker! Det byrde byrja å syne på fasongen.), men no byrjar dei å ta den andre maten min også!

Det har gått så langt at eg no tømde heile boksen min. All sjokoladen eg har igjen ligg på senga mi, i magen, mellom tenna og rundt leppene.
Det har gått så langt at eg ikkje lenger gidd å kjøpe meg noko på butikken med mindre eg skal ete det same dag. (Og det er ganske tungvint!)
No når eg tømmer kjøleskapet blir det ikkje oppfyllt.
Då sit vel ein stakkar og svelt, heilt til vedkomande lærer å kjøpe seg sin eigen mat.

Eg kan ikkje hugse sist eg var så irritert. Det berre må vere hormonar og syklusar som gjer meg så hurpete.
(også er eg litt irritert fordi eg byrjar å bli forkjøla og haudeverken hamrar.)
Eg føler meg som ei heks, men eg måtte få det ut.
Eg har framleis lyst å sparke noko.

No er eg kjempeklar for å reise heim.

Intervju

http://www.studenttorget.no/index.php?show=5250&expand=3796%2c3930%2c4610%2c5250&artikkelid=11966

Nokon som kjenner igjen bustetrollet?
Tja, kva meir skal ein seie? Slik kan det gå!

Noreg, mitt Noreg

Eg har hatt det veldig fint i Nicaragua, men no kjenner eg at eg er veldig klar for å reise heim att til Norge.

I haust var eg aldri 3 månader på ein plass, men reiste mykje rundt om, og vart difor ikkje lei undervegs. Eg var omlag 2 månader i Australia, men kunne lett ha vore der lenger. 2 månader er derimot nok i Nicaragua, kjenner eg.

Det er eit veldig fint land, og eg anbefalar virkelig å reise hit. Det er mange som busett seg her i årevis, og syns det er veldig fint. Eg er veldig glad for at eg reiste ned hit (ikkje misforstå meg), men personlig er eg fornøgd no. No er eg klar for å fokusere alt på å lære mest mulig spansk før eksamen, fullføre eksamenane og reise heim.


Eg er lei av alt bråket og kaoset som er overalt. Eg saknar å gå rundt omkring på Eid utan å bli sleten i hovudet. Å kunne gå rundtomkring og tenke på saker og ting utan å bli avbrutt av taxiar som tutar, folk som ropar og plystrar, bilar som køyrer rundt med reklame via høgtalerar og supersmale gangfelt fulle av folk, hol og stolpar.

Eg er lei av å ikkje få sove om natta fordi det er for varmt. Eg saknar å kunne ligge under ei dyne. Pakke meg inn og kose meg.

Eg gledar meg til norsk sommar. Å kunne gå ut i dongeribukse, sokkar, småsko og ein lett topp. Og å ta på meg ein lett kardigan på kveldane. Eg gledar meg til å ikkje vere konstant svett/klam.
Eg gledar meg til lange og lyse kveldar. Og norsk grillmat. Potetsalat!

Eg ser fram til å ete kjøttkaker, heimelaga pizza, knekkebrød med kremost, grovskjever med brunost og mykje meir. Eg gledar meg til å bake og lage mat på eit reint kjøkken.

Eg gledar meg enormt til å sjå mine herlige tantebarn igjen!
Og å tilbringe sommarkveldane ilag med familie, kjæresten, svigerfamilie og vennar.
Det er mange herlige personar eg gledar meg til å sjå att!

20 dagar igjen. Eg skal jobbe mykje med spansk, briljere (høhø) på eksamenane og ankomme stuptrøtt og superhappy på Sandane flyplass. Nordfjordeid, vakre Nordfjordeid med så mange vakre mennesker, eg ser deg straks!

mandag 8. april 2013

Ometepe og Granada



Vi ankom Ometepe torsdags ettermiddag, litt seiare enn planlagd, og fekk då ikkje utnytta dagen slik som vi gjerne ville. Det som overraska oss mest med øya var kor "stor" den er, altså kor innmari lang tid det tek å komme seg frå ein plass til anna på dei dårlege vegane og kor innmari dyre taxiturane var der (i forhold til Leon, ikkje Noreg).

Vi budde litt ute i audemarka hos eit par frå Spania og Polen med ungar som sprang rundt mellom hønene. Og eg trur vi var dei einaste gjestane deira.







Det var ikkje så lett å komme seg frå A til B på kveldstid, men vi fekk oss ein svipptur til Myogalpa og åt middag hos ein heilsprø Argentinar.


Dagen etterpå reiste vi på "tour" med ein bekjent av hosteleigaren og ein kompis av han igjen som snakka godt engelsk (greit for Tor sin del). På to motorsyklar suste vi over øya og såg kanskje det som var å sjå.

Vi kunne gått på eine vulkanen, men det hadde tatt 8-12 timar. Og det orkar vi rett og slett ikkje når det er 37*C i skyggen og du ikkje har noko skyggemulighet på 12t.
Vi kunne også reist delvis oppover den minste vulkanen og sett eit fossefall. Men sidan vi er på seinsomaren er det nesten ikkje vatn i fossen eller kulpen, og køyreturen i timesvis hadde blitt noko vekkasta.

Då gjorde vi heller alt anna..

Det vil seie at vi besøkte laguna Charco Verde. Gjekk rundt laguna, fekk høyre legenda om Chico Largo, gjekk opp ei anna løype, vassa litt på ei strand og gjekk opp til eit utkikkspunkt.










Deretter reiste vi til andre delen av øya og såg på Petroglyfane. Tidlegare var det store innhogde maleri på vulkanen, men etter eit utbrot vart steinen delt i fleire bitar og spreidd utover øya.













Vi reiste til Santa Domingo og lunsja ved stranda.





Vi bada og slappa av i skyggen ved Ojo de Agua.







Avslutningsvis reiste vi ut til Punto Jesus Maria. Der dei to vasstraumane rundt øya møtest, og dermed lagar ein lang pir av strand og småskjell. Men der er livsfarleg å bade på grunn av straumane, så det er kun lov inne i den roligaste bukta.









På kvelden spaserte vi litt rundt og opp til den eine restauranten i nærområdet.





Klesvask i innsjøen


Laurdags morgon reiste vi til(bake) Granada. Der åt vi lunsj på ein kamel, åt god italiensk is og spaserte litt rundtom. Nede ved havna er der potensiale til å bli veldig fint, men dei må nuk arbeide i nokre år til før dei har klart å skape det dei prøvar.
Det vart såklart litt shopping av souveniar igjen, og bøker - eg måtte innom bokhandleren og fylle på med eksamensdistraksjonar/belønning, og gubben er som vanleg så standhaftig at eg var den som vart først lei av shoppinga.
Så åt vi middag på ein fin restaurant, åt dessert i hovudgata blant gateunderhaldnarane og sugde til oss atmosfæra før vi køya tidleg.
Kl.04 søndags morgon gjekk bussen frå Granada til flyplassen, der finaste karen vendte nasa heim att mot Noreg, og eg vendte tilbake til León og skulebøkene.