lørdag 19. mai 2012

Experience Aussie

I går sat eg å las litt bloggar frå andre som har opplevd Australia, samt googla ulike utflukter og destinasjonar i Australia. Vi har 5 veker i Brisbane før Vietnam. Det vil seie 4 helger, kanskje 5, og kanskje nokre studiedagar innimellom. Eg håpar eg får tid til mestedelen av dette iallefall!

1.
Dykke ved Great Barrier Reef.
Vi må då først ta fly opp til ein liten by nord i Australia.
Eg har sett på dagsturar der ein kan snorkle og studere korallreva, og enda betre - eit opplegg der ein kan dykke ned til 7-8 meter sjølv om ein ikkje har dykkarsertifikatet! Ein instruktør vil undervise oss i forkant og dykke saman med oss, så det er trygt, og dette er noko eg virkelig virkelig har lyst til!
Sidan vi må fly heile vegen opp dit burde vi kanskje vore der nokre dagar, tatt ein båttur rundtom og dykka ved ulike plassar. Men så sjøsjuk som eg blir er eg litt usikker. Hadde vore kjekt da.


Eg håpar virkelig eg kan få til denne turen medan Tor er på besøk. Han har jo dykkersertifikatet og alt. Og dette er noko eg virkeleg vil oppleve saman med han.
Eg reknar med at Australia-utfluktene eg/vi reiser på er noko vi gjer som ei lita gruppe, slik at det ikkje gjer noko for dei andre at han blir med.


2.
Vi må besøke Lone Pine Koala Sancutary. Der får vi halde koalaar og mate kenguruar.
Dette er i Brisbane, så dette klarer vi å få til uansett!


3.
Det hadde vore kult å dradd inn til midten av Australia og tatt ein 2-dagers hiking ved Ayers Rock og Kata Tjuta. Sove under stjernehimmelen, sjå solnedgangen og soloppgangen. Spennande!


4.
Ein tur til Sydney er nesten sjølvsagt. Då er posering foran operahuset obligatorisk.


Ein liten times kjøring nord for Sydney ligg Palm Beach, betre kjend som stranda i Summer Bay frå Home & Away. Ikkje eit must for min del, men kjekt å få med seg når ein likevel er i "nærleiken".


I sjølve Sydney må vi vel ned på Bondi Beach og sjekke om livreddarne er på jobb?

Og sjansen er stor for at vi reiser opp i Sydney Tower og nyt utsikta.


Ellers er det sikkert mykje anna spennande å sjå i Sydney, som eg ikkje heilt har oversikt over enda. Men eg reknar med vi kanskje tek ei helg i denne byen.

5.
Om vi set oss på ein ekspressbuss frå Brisbane er vi i Byron Bay etter 2 timar.
Dette er det austlegaste punktet av fastland-australia.
Ser ikkje vekk ifrå at vi tek oss ein dagstur hit.

6.
Melbourne - også kjend som kulturhovudstaden i Australia.
Eg har heilt ærleg liten peiling på kva som er å sjå og oppleve i Melbourne. Men det finn eg nuk ut av dersom vi reiser dit nokre dagar!
Eg har derimot fått med meg at Eureka Skydeck med 88 etasjar ligg i Melbourne. Reiser eg dit må eg difor heilt opp i 88 etasje og sjå utsikta gjennom glasveggar og glasgolv.


Eg håpar eg får tid til mesteparten av dette iallefall. Det er nesten så eg ikkje kjem til å ha tid å studere, det vi "eigentleg" er der for. Men så var det vel kulturen og landa eg skulle studere, var det ikkje? ;)

Har du tips til kva vi bør sjå eller oppleve medan vi er i Australia?
Dei takast imot med stor takk! =)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar